Eksamen på nynorsk

Som nynorskstudent har du krav på eksamensoppgåva på nynorsk. For å få det må du ha registrert i StudentWeb at du ønskjer eksamen på nynorsk (dette gjer du når du melder deg opp til fag og eksamen).

Det er ikkje sikkert at eksamensvaktane veit kven som skal ha bokmåls- og nynorskeksamen. Derfor bør du seia frå når du får utdelt oppgåva at du vil ha ho på nynorsk.

Viss du ikkje får oppgåva på nynorsk, er det eit brot på Forskrift om målform i eksamensoppgåver. Der står det tydeleg at eksamensoppgåver skal liggje føre på båe skriftspråka til eksamensstart, og at eksamenskandidatane etter eige ønske skal få oppgåvene anten på nynorsk eller på bokmål. Det må heilt særskilde grunnar til for at instituttet ikkje skal kunne gje deg eksamen på nynorsk, og du skal då ha fått melding om dette minst tre månader før eksamensdagen. Viss du ikkje får eksamen på nynorsk, rår vi deg om å bruke klageportalen: malungdom.no/klag. Der tar vi saka di for deg, og du vil vera heilt anonym.

Send-inn

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *