Studentsamling

Er du klar for ei helg med andre nynorskglade studentar? På studentsamlinga samlast studentar frå alle studentmållaga i Noreg til ei sosial helg med fagleg påfyll. I år er det SmiO sin tur til å vera vertskap for samlinga.

Studentsamlinga 2017 finn stad på Universitetet i Oslo 25.-26. februar. For dei som kjem alt den 24. februar samlast vi til fredagstaco og kviss på kontora til Noregs Mållag.

Litt praktisk informasjon
– Samlinga er gratis, og vi dekker reisa di. Desverre kan vi berre dekkje reisa til medlemer i Norsk Målungdom. (For å bli medlem sender du ganske enkelt ein SMS med kodeord NMU til 2090, med namn+epost+fødeår. Det kostar 50,-).
– For dei som kjem utanbys frå ordnar vi overnatting på hotell Bondeheimen. Det er avgrensa med rom, og vi ber folk vera sporty og sova på rom i lag med ein annan deltakar. Siste frist for å melde seg på med overnatting er 6. februar.
– Vi organiserer felles måltid. Bortsett frå frukost. Dei som søv på hotellet får frukost der.
– Det er 18-års aldersgrense for å delta på studentsamlinga.

Påmeldinga opna 1. januar. Klikk på boksen under for å melde deg på.

Etter kvart som programmet blir klart, legg vi det ut på programsidene. Du kan ogso følgje med på facebookhendinga til samlinga (lenke). Har du spørsmål er det berre å sende oss ein epost: karlpeder@nynorsk.no.

programmelddegpa

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *